Ein kveld med Stein og Odd

Om strømmen

Stein Versto og Odd Nordstoga er festspeldiktarar for Dei nynorske festspela i 2020. Begge kjem frå Vinje, der både dikting og folkemusikk har sterke røter. Her får du høve til å bli betre kjend med begge to, diktinga deira og samarbeidet mellom dei, som har resultert i populære songar som «Frøken Franzen» og «Min veg». Programmet er leia av journalist og forfattar Finn Tokvam.

 

Sjå fleire bidrag til Digitale festspel 2020 på nynorsk.no